Rollespel er eit spel eller ein leik der deltakarane speler ut roller med karaktertrekk, motiv og bakgrunn som er annleis enn sine eigne.
Rollespel er ein treningsteknikk der ein spelar ei rolla i ein tenkt, men sannsynleg situasjon for å tileigna seg eigenskaper eller dugleikar ein ikkje har eller for å oppnå innsikt i psykologiske reksjonmønster. Metoden vert brukt både i psykoterapi og opplæring, til dømes i form av ein samtale mellom personar som ikkje er til stades. Rollespel kan òg vera ein seksuell leik der to deltakarar spelar ut seksuelle fantasiar, til dømes som lækjar og pasient, slave og herskar osb.
Rollespel (RPG) kan gå føre seg som selskapsspel rundt eit bord eller som levande rollespel ute i passande miljø. Slike rollespel er ei form for improvisasjonsteater eller friteater utan tilskodarar. Rammene for leiken og rollene er gjevne på førehand. Ofte går dette føre seg i ei oppdikta verd med meir eller mindre nøyaktig definerte oppgåver og roller.