Romsdalen, eigentleg Raumas dal etter elva Rauma som renn gjennom dalen, er eit trongt dalføre mellom høge fjell frå Romsdalsfjorden ved Åndalsnes i Rauma kommune i Møre og Romsdal til Lesjaskogsvatnet i Lesja kommune i Oppland. Fjella Trolltindane (med Trollveggen) og Romsdalshorn er vidgjetne landemerke i dalen.
Jarnbanen Raumabanen og hovudvegen E136 til Sunnmøre og Romsdal frå Austlandet over Dombås går gjennom Romsdalen.
Delar av dalføret er verna ved at det fell innanfor Reinheimen nasjonalpark eller Romsdalen landskapsvernområde.[1]