Ron McClure | |||
![]() Ron McClure på Bach Dancing & Dynamite Society i Half Moon Bay i California, 21. juni 1987 | |||
Fødd | 22. november 1941 (83 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New Haven i Connecticut i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1965 | ||
Sjanger | Jazz, jazzrock | ||
Instrument | Bass | ||
Tilknytte artistar | Blood, Sweat & Tears | ||
Plateselskap | Bellaphon, Ken, Steeplechase | ||
Verka som | Musikar, lærar |
Ron McClure (fødd 22. november 1941) er ein USA-amerikansk jazzbassist.
McClure byrja å spele i Buddy Rich Sextet i 1963. Han vart så med i bandet til Maynard Ferguson og sidan Herbie Mann i 1964; før han tok over rolla som bassist i Wynton Kelly Trio. Frå 1966 til 1969 var han medlem av kvartetten til Charles Lloyd med pianisten Keith Jarrett og trommeslagaren Jack DeJohnette,[1] som vart stemt fram til «årets gruppe» i 1967 av magasinet Downbeat.
I 1970 var han med å skipe jazzrockgruppa The Fourth Way. Han spelte òg med Carla Bley og saksofonisten Joe Henderson. I 1974 vart McClure med i Blood, Sweat & Tears, der han var fram til 1975 og spelte på tre album med dei: Mirror Image, New City og In Concert.
I 1980-åra var han medlem av Quest.[2] Han spelte òg inn eit album i lag med pianisten Michel Petrucciani. I 1990- og 2000-åra spelte McClure hovudsakleg med Lee Konitz, og så i ei ny utgåve av