Rossisen | |||
isbrem | |||
Rossisen
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 81°30′S 175°00′W / 81.500°S 175.000°W | ||
Lengd | 960 km | ||
Areal | 487 000 km² | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Rossisen 81°30′S 175°00′W / 81.5°S 175°W | |||
Wikimedia Commons: Ross Ice Shelf |
Rossisen eller Rossbarrieren i Antarktis er den største isbremmen i verda.[1] Han ligg lengst sør i Rosshavet og dekkjer eit område på 487 000 km², om lag like stort som Frankrike.[2]
Han er fleire hundre meter tjukk. Den neste vertikale isfronten mot det opne havet er meir enn 600 km lang, og mellom 15 og 50 meter høg over vassflata. 90% av den flytande isen ligg derimot under vassflata. Det meste av Rossisen ligg innanfor Ross Dependency, kravområdet til New Zealand.
Rossisen har namn etter kaptein James Clark Ross. Ross oppdaga bremmen 28. januar 1841, og gav han namnet Victoria barrier etter dronning Viktoria av Storbritannia. Ross kartla isfronten austover mot 160º V. Den første som utforska isen var nordmannen Carsten Borchgrevink.