Roud Folk Song Indeks er ein database med kring 250 000 referansar til nesten 25 000 songar som vert inn samla frå munnleg tradisjon innan den engelsktalande verda. Han er kompilert av Steve Roud, ein tidlegare bibliotekar frå Croydon i London.[1]
Rouds indeks er ein kombinasjon av trykte kjelder frå før 1900 og dessutan ei mengd lydopptak. Databasen inneheld òg alle kjelder som blei nytta av Francis James Child (The English and Scottish Popular Ballads) og inneheld opptak frå 1900 til 1975. Fram til byrjinga av 2006 var databasen tilgjengeleg gjennom eit abonnement på CD-plater, men no er han tilgjengeleg på internett.[2][3]