Rouen | |||
---|---|---|---|
![]() | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Normandie Seine-Maritime | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 21,38 km² | ||
Flatevidd - By |
21,38 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) - folketettleik |
111 000 5 192/km² | ||
Koordinatar | 49°26′38″N 1°6′12″E / 49.44389°N 1.10333°E | ||
Høgd over havet | 10 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://rouen.fr/ | |||
Nettstad: www.mairie-rouen.fr | |||
Plassering | |||
![]() |
Rouen er den historiske hovudstaden i Normandie nordvest i Frankrike ved elva Seinen. I dag er byen hovudstad i regionen Normandie og préfecture (administrasjonsstad) i departementet Seine-Maritime. I mellomalderen var Rouen ein av dei største og rikaste byane i Europa. Han var ein av hovudstadane i dei anglonormanniske dynastia, som styrte både England, store delar av det som i dag er Frankrike frå 1000-talet til 1400-talet. Det var i Rouen at engelskmennene brende Jeanne d'Arc i 1431. Folk frå Rouen vert kalla Rouennais.
Rouen har eit folketal på 111 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 2011 hadde 650 000.