Ruhr

Ruhr
elv
Ruhr i Essen-Kettwig
Land  Tyskland
Nedslagsfelt 4 485 km²
Lengd 217 km
Middelvassføring 79 /s
Kjelde Sauerland
 •  høgd 674 moh.
Munning Rhinen
Kart
Ruhr
51°12′49″N 8°33′30″E / 51.213611111111°N 8.5583333333333°E / 51.213611111111; 8.5583333333333
Wikimedia Commons: Ruhr
Ruhrdalen nær Bochum under ein flaum

Ruhr er ei elv i Ruhrområdet i Nordrhein-Westfalen, vest i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 217 km. Det nærliggande industriområdet er kalla opp etter elva.

Ruhr har utspring i ei høgd på 674 meter over havet nær byen Winterberg i fjellområdet Sauerland, og munnar ut i Rhinen i ei høgd på berre 19 meter nær Duisburg. Ved Mülheim, nær munningen, har elva ei middelvassføring på 79 m³/s.

Elva vert nytta til drikkevatn og har god vasskvalitet, noko som er ironisk sidan ordet «ruhr» på tysk tyder dysenteri. Elvebreidda vert stort sett nytta til fritidsaktivitetar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne