|

|
Offisielt |
Russland
|
|
Uttakingar
|
Nasjonalt |
7
|
Internt |
16
|
Deltaking
|
Debutår |
1994
|
Deltakingar |
23
|
Beste resultat
|
Semifinalen |
1 (2012, 2015 og 2016)
|
Finalen |
1 (2008)
|
Verste resultat
|
Semifinalen |
15 (2018)
|
Finalen |
17 (1995)
|
Poeng
|
Semifinalane |
1 892
|
Finalane |
3 530
|
Totalt |
5 422
|
Russland debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 i Dublin i Irland med songen «Vetsjnyj strannik», framført på russisk av Judif, og har sidan delteke 21 gongar. Sidan debuten har Russland vunne tevlinga ein gong, kome på andreplass fire gongar og tredjeplass tre gongar. Russland har stått over tevlinga ved fem høve, seinast i 2022 då Russland vart utestengt frå tevlinga som følgje av den russiske invasjonen av Ukraina.
Etter år 2000 er Russland eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest med éin siger, fire andreplassar og fire tredjeplassar. Etter innføringa av semifinalar i 2004, kvalifiserte Russland seg til finalen kvart einaste år fram til 2018, då landet mista ein finale for fyrste og hittil einaste gong.