Rutfordstraumen | |||
isstraum | |||
Radarsatbilete av isstraumar, inkludert Rutford, som flyt ut i Filchner-Ronne-isen
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 79°00′S 81°00′W / 79.000°S 81.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Rutfordstraumen 79°S 81°W / 79°S 81°W | |||
Rutfordstraumen er ein stor isstraum i Antarktis, som er kring 290 km lang og over 25 km brei, og som flyt søraustover mellom Sentinel Range i Ellsworth Mountains og Fletcher ishaug og inn i sørvestlege delar av Ronneisen. Han vart namngjeven av US-ACAN etter geologen Robert Hoxie Rutford, eit medlem på fleire ekspedisjonar for USARP til Antarktis og leiaren for gruppa frå University of Minnesota til Ellsworth Mountains 1963-1964. Rutford var direktør i polaravdelinga til National Science Foundation i tida 1975-1977.[1]
Isstraumen ligg i eit djupt søkk som er ei forkasting mellom Ellsworth Mountains og Fletcher Promontory. På grunn av plasseringa til isstraumen kan han ha vore stabil i fleire millionar år. Undersida av isstraumen går ned til 2000 meter under havnivå. Derfor er det eit vertikalt fall mellom botnen av isstraumen og høgda på Ellsworth Mountains på over 7 km over ein avstand på berre 40 km.[2] Ved den øvre enden av isstraum (over land) har isen ein tjukkleik på 3100 meter, medan han i midtre delar av 2300 m. Straumen når den største snøggleiken på kring 400 meter per år kring 40 km innover frå der isen møter Ronneisen og byrjar å flyte utover i sjøen.[2]
Rutfordstraumen varierer i snøggleik med så mykje som 20 % annakvar veke som følgje av tidvasskrefter.[3]