Ryfylke er eit distrikt i indre og midtre Rogaland, nord og aust for Jæren med Stavanger by og aust for Haugalandet.
Landskapet er svært variert, frå øyar og kystlandskap lengst ute i vest, med fjordar innover i landet, til vidder og høge fjell i aust. I Ryfylkebassenget, fjordsystemet mellom fastlandsområda i Ryfylke, finn ein Ryfylkeøyane. Den største, Ombo lengst aust, og vestover er dei største øyane Finnøy, Rennesøy og Mosterøy. Kvitsøy ligg lengst vest ut mot Nordsjøen.
Ryfylkeheiane grensar til Setesdalsheiene, og har Vassdalseggi på 1658 moh. som høgste fjelltoppen. Her finst òg Breifonn (1616 moh.), den sørlegaste breen i Noreg. Dei høgtliggande viddene og dei bratte fjellsidene ned mot fjordane, gjer at området eigner seg svært godt til vasskraftproduksjon. I nord finn me Saudavassdraget (som gav grunnlag for tungindustrien i Sauda), i nordaust Røldal-Suldal (utbygd av Norsk Hydro til metallverket på Karmøy), i aust Ulla-Førre (Noregs største kraftanlegg), og i søraust utbyggingane kring Lysefjorden med Lysebotn kraftverk.
Ryfylke har turistattraksjonar ved Lysefjorden som Preikestolen i ytre delen av fjorden og Kjerag nær Lysebotn. Strekninga frå Oanes til Håra ved Røldalsvatnet (Ryfylkevegen), på riksveg 13/fylkesveg 46/fylkesveg 520 er kommande nasjonal turistveg. Ryfylkemuseet på Sand i Suldal er regionmuseum for distriktet.