Safran er eit krydder laga av dei tørka arra frå safrankrokusen (Crocus sativus). Det har ein svært høg pris, og er eit av verdas mest kostbare krydder. Safran er tradisjonelt blitt brukt som legemiddel, seremonielt og i matlaging. Iran er eit viktig produksjonsland.