Sahara er den største varme ørkenen på jorda. Han har ei flatevidd på over 9 065 000 km². Den største kalde ørkenen, Antarktis, er større enn Sahara.
Sahara-ørkenen ligg i Afrika, og er 2,5 millionar år gamal. Namnet Sahara (ar. صحراء) kjem frå den arabiske omsetjinga av tuareg-ordet tenere, som tyder 'ørken'. Han er avgrensa av Sahelbeltet i sør, og har kyst mot Raudehavet og Middelhavet i nord.
Sahara utgjer store delar av Nord-Afrika. Han deler den nordlege delen av kontinentet frå den sørlege, som ofte vert kalla Afrika sør for Sahara.