Sam Eyde | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. oktober 1866 Arendal |
Død |
21. juni 1940 (73 år) |
Yrke | oppfinnar, gründer, diplomat, ingeniør, politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Ektefelle | Elida Eyde, Anna Ulrika Mörner af Morlanda |
Sam Eyde på Commons |
Samuel Eyde (29. oktober 1866–21. juni 1940) var ein norsk ingeniør og industriherre. Han vart fødd i Arendal, som son av ein skipsreiar. Eyde avla eksamen som bygningsingeniør i Berlin i 1891. Eyde er mest kjend som grunnleggjar av industriføretaka Norsk Hydro og Elkem. Eyde bygde mellom anna på oppfinningane til fysikaren Kristian Birkeland. Ein metode for framstilling av kunstgjødsel har fått namnet Birkeland-Eyde metoden.