Samarra

Samarra
سامَرّاء
by
Den spiralforma minareten til Den store moskeen i Samarra
Land  Irak
guvernement Saladin guvernement
Areal 150,58 km²
Folketal 348 700  (2003)
Kart
Samarra
34°11′45″N 43°53′08″E / 34.1959°N 43.88568°E / 34.1959; 43.88568
Wikimedia Commons: Samarra

Samarra er ein by i Irak. Han ligg ved austbreidda av Tigris, 125 km nord for hovudstaden Bagdad, i Saladin guvernement. I 2003 var det estimert at byen hadde nesten 350 000 innbyggjarar.

På 800-talet blei Samarra hovudstad for Abbaside-kalifatet, og har framleis byplanen, arkitekturen og kunst frå denne tida.[1] Den store moskeen i byen, med den kjende spiralminareten, er eit døme på dette. I 2007 utropte UNESCO byen til verdsarvstad, og klassifiserte han samtidig som verdsarv i fare.

Al-Askaria-moskeen.

Tusenvis av pilegrimer reiser kvart år til Samarra for å vitja Al-Askaria, ein viktig moské innan sjiaislam. Moskeen blei bygd på 1600-talet, og inneheld gravstadene til den 10. og 11. sjiaimamen, Ali al-Hadi og Hasan al-Askari. Han blei utsett for eit øydeleggjande bombeåtak i februar 2006.

  1. «Unesco names World Heritage sites». BBC News. 28. juni 2007. Henta 28. februar 2021. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne