Samlinga av Italia (italiensk Risorgimento, «gjenoppstrauminga») er den politiske og sosiale prosessen som førte til at dei forskjellige statane på den italienske halvøya vart samla til kongedømet Italia på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.
Ein veit ikkje dei nøyaktige datoane for byrjinga og slutten av prosessen, men dei fleste reknar Wienerkongressen i 1815 som starten og slutten i 1871 etter den fransk-prøyssiske krigen. Det var derimot ei rørsle som var for samlinga alt før 1815, og dei siste statane vart ikkje innlemma i kongedømet før Saint-Germain-traktaten etter den første verdskrigen.