Samlingspartiet i Finland

Samlingspartiet i Finland

LandFinland
Partileiar(ar)Petteri Orpo
GeneralsekretærJuha Rihtniemi
Grunnlagt9. desember 1918
Medlemstal34 000 (2016)[1]
Ideologiliberalkonservatisme, proeuropeisk Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-høgre
Fargecyan

Samlingspartiet (finsk Kansallinen Kokoomus, Kok., svensk Nationella Samlingspartiet, Saml.) er eit liberalkonservativt politisk parti i Finland. Samlingspartiet er eitt av dei tre store partia som dominerte Den finske riksdagen i fleire tiår; dei andre to er SDP og Centern. Samlingspartiet er òg representert i Europaparlamentet, og er sterke tilhengarar av det finske EU-medlemskapet. Samlingspartiet gjekk òg i mange år inn for finsk medlemskap i NATO.

Samlingspartiet vart danna ved avslutninga av den finske borgerkrigen i 1918, då monarkister frå Gammelfinska partiet og Ungfinska partiet fann saman. Republikanarane danna på si side Framstegspartiet. Da Finland vart ein parlamentarisk republikk, gjekk Samlingspartiet inn for ei sterk regjeringsmakt. Samlingspartiet stilte også på et sosialt reformprogram. Frå og med 1950-åra har Samlingspartiet gått i ei meir liberal retning med vekt på personleg fridom og open marknadsøkonomi. Under den kalde krigen såg partiet på seg sjølv som eit bolverk mot sovjetkommunistisk innverknad i Finland.

Petteri Orpo var partileiar frå 2016. Tidlegare partileiar Sauli Niinistö har vore president i Finland sidan 2012.

  1. «Puolueiden jäsenmäärien kehitys (ilmoitetut jäsenrekisteritiedot)» (på finsk). 28. november 2016. Henta 26. november 2017. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne