Sanctus

Sanctus, latin for ‘heilag’, er eit liturgisk ledd i den kristne messa, ofte det mest høgtidlege.

Teksten er henta frå lovsongen serafane song til Gud i tempelet i Jerusalem[1] og frå lovsongen folket i Jerusalem hylla Jesus med då han reid inn i byen den fyrste palmesundagen. (Matteusevangeliet 21:9[2]; Markusevangeliet 11.9-10;[3] Johannesevangeliet 12.13[4]).

«Sanctus» er òg namnet på dei små klokkene som blant anna vert bruka ved katolske messer.

  1. Jes 6:3
  2. Matt 21:9
  3. Mark 11:9-10
  4. Joh 12:13

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne