Treng oppdatering |
Sandefjord kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold | ||
Adm.senter | Sandefjord | ||
Areal | 422,26 km² | ||
• land | 414,79 km² | ||
• vatn | 7,47 km² | ||
Folketal | 66 231 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Bjørn O. Gleditsch (H) | ||
Kommunenr. | 3907 | ||
Sandefjord 59°07′44″N 10°13′11″E / 59.128811111111°N 10.219711111111°E | |||
Kart som viser Sandefjord kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Sandefjord | |||
Nettstad: www.sandefjord.kommune.no |
Sandefjord kommune er ein kommune i Vestfold fylke, som i vest grensar til Larvik , i nord Tønsberg og i aust til Færder. Kystlinja til kommunen er om lag 160 km lang, og går frå Vestfjorden i nord til Sandefjordsfjorden i sør. Kommunen omfattar også 124 øyar. Kommunesenteret Sandefjord ligg inst i Sandefjordsfjorden.
Sandefjord kommune omfattar dei tidlegare kommunane Sandefjord, Andebu og Stokke. Samanslåinga blei vedtatt i statsråd 24. april 2015 med verknad frå 1. januar 2017.[1] Med dette er Sandefjord den nest største kommunen i Vestfold i areal etter Larvik, men i folketal den største kommunen.