Santa Claus Is Back in Town

Santa Claus Is Back in Town
Song av Elvis Presley
frå albumet Elvis' Christmas Album
Utgjeve 15. oktober 1957
Innspelt 7. september 1957
Sjanger Julemusikk, rock and roll
Lengd 2:25
Selskap RCA Victor
Komponist Jerry Leiber, Mike Stoller
Tekstforfattar Jerry Leiber, Mike Stoller
Låtskrivar(ar) Leiber-Stoller
Produsent Leiber-Stoller

«Santa Claus Is Back in Town» er ein julesong skriven i 1957 av Jerry Leiber og Mike Stoller, og først spelt inn det året av Elvis Presley som opningssporet på Elvis' Christmas Album, det bestseljande julemusikkalbumet i USA gjennom tidene. Songen har blitt ein rock and roll-julestandard.

«Santa Claus Is Back in Town» kom ut med «Santa, Bring My Baby Back to Me» og vart gjeven ut i Storbritannia samtundes som albumet kom ut i 1957. Singelen nådde sjuandeplassen på den britiske singellista i november 1957. RCA gav ut songen på ny i 1985 i lag med «Merry Christmas, Baby». I desember 1980 nådde songen 41. plassen på den britiske singellista.[1]

«Santa Claus Is Back in Town» kom ut i lag med «Blue Christmas» og vart gjeven ut av RCA Victor på singel i 1965 i USA, og nådde då fjerdeplassen på julemusikklista til Billboard. «Blue Christmas»/«Santa Claus is Back in Town» selde til platinaplate hos RIAA i 1999.[2]

  1. Song artist 2 - Elvis Presley.
  2. Gold and Platinum Data. RIAA.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne