Satellitt

Denne artikkelen handlar om kunstige satellittar. For naturlege satellittar, sjå naturleg satellitt.
Ein jordobservasjonsatelitt.
Satellittbilete frå NASA av Tustna i Møre og Romsdal

Ein satellitt er ein menneskeskapa objekt som er brakt i bane rundt jorda, ein planet, eller ein annan lekam. Omgrepet kunstig satellitt vert stundom nytta for å skilja dei frå naturlege satellittar.

Den første gong ein kjenner til at satellittar er nemnd, er frå 1869 i novella «The Brick Moon» av den amerikanske forfattaren Edward Everett Hale.[1] Den første verkelege menneskeskapte satellitten er Sputnik 1 som vart send opp av Sovjetunionen den 4. oktober 1957. Den eldste satellitten som framleis er i bane rundt jorda, er Vanguard 1 som feira 50 år den 17. mars 2008.[2]

Døme på satellittar er romstasjonar, kommunikasjonssatellittar og overvakningssatellittar.

  1. Project Gutenberg:The Brick Moon and Other Stories by Edward Everett Hale
  2. Spacecraft Engineering Department:Vanguard I the World's Oldest Satellite Still in Orbit, arkivert frå originalen 19. september 2008, henta 28. november 2007 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne