Saudiarabisk geografi | ||
Verdsdel | Asia | |
Region | Midtausten | |
Koordinatar | 25°00′N 45°00′E / 25.000°N 45.000°E | |
Areal | Rangering 12 2 250 000 km² 100% land 0% vatn | |
Kystlinje | 2 640 km | |
Grenser | Landegrenser:4 415 km Irak 814 km Jordan 728 km Kuwait 222 km Oman 676 km Qatar 60 km UAE 457 km Jemen 1 458 km | |
Høgaste punkt | Jabal Sawda 3133 moh | |
Lågaste punkt | 0 m | |
Lengste elv | - | |
Største innsjø | - |
Kongedømet Saudi-Arabia er eit land i Sørvest-Asia, det største landet i Arabia, og grensar til Persiabukta og Raudehavet, nord for Jemen. Den lange kystlinja langs Persiabukta og Raudehavet har gjort det enkelt å drive skipsfart (særleg råolje) gjennom Persiabukta og Suezkanalen. Kongedømet dekkjer 80 % av Den arabiske halvøya. Dei lange grensene mot Dei sameinte arabiske emirata (UAE), Oman og Jemen (tidlegare dei to fråskilde landa Den jemenittiske arabiske republikken eller Nord-Jemen og Den demokratiske folkerepublikken Jemen eller Sør-Jemen) er ikkje definerte så den eksakte storleiken til landet er ukjend. Staten har estimert arealet til å vere 2 217 949 kvadratkilometer, medan andre truverdige estimat har variert mellom 2 149 690 og 2 240 000 kvadratkilometer. Mindre enn 1 % av det samla arealet høver for oppdyrking og tidleg i 1990-åra varierte folkefordelinga stort mellom byar på aust- og vestkysten, tett folkesette oasar i dei indre områda og enorme, nesten tomme ørkenar.