Say Say Say

Say Say Say
Singel av Paul McCartney og Michael Jackson
frå albumet Pipes of Peace
B-side

«Ode to a Koala Bear»

Språk engelsk
Utgjeve 3. oktober 1983
Innspelt AIR Studios, May 1981
Cherokee Studios, April 1982
Sjanger Post-disco
Lengd 3:55
Selskap Parlophone (Storbritannia)
Columbia (USA)
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar)
Produsent George Martin
Paul McCartney-kronologi 
«The Girl Is Mine»
(1982)
Say Say Say «Pipes of Peace»
(1983)
Michael Jackson-kronologi
«P.Y.T. (Pretty Young Thing)»
(1983)
Say Say Say «Thriller»
(1984)


«Say Say Say» er ein song skriven og framført av Paul McCartney og Michael Jackson, gjeven ut i 1983. Songen vart produsert av George Martin for McCartney-albumet Pipes of Peace. Han vart spelt inn under innspelinga av Tug of War, eit år før «The Girl Is Mine» kom ut, som var den første duetten til duoen frå albumet til Jackson, Thriller (1982).

Etter utgjevinga i oktober 1983, vart «Say Say Say» den sjuande Topp 10-hitten til Jackson det året. Han gjekk til topps i USA, Canada, Noreg, Sverige og fleire andre land, og nådde andreplassen i Storbritannia. I 2013 rangerte magasinet Billboard songen på 41. plassen over dei 100 største hitsinglane gjennom tidene på Billboard Hot 100.[1]

Singlen selde til gullplate i USA i desember 1983 for ein million selde eksemplar. Singelen vart marknadsført med ein musikkvideo regissert av Bob Giraldi. Videoen vart filma i Santa Ynez-dalen i California med Linda McCartney, La Toya Jackson og Giraldi. Videoen baserer seg på to bedragarar kalla «Mac and Jack» (spelt av McCartney og Jackson).

  1. «Greatest of All Time Hot 100 Singles». Billboard. Henta 22. mai 2018. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne