Scary Monsters (and Super Creeps) Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. september 1980 | |
Innspelt | Februar til april 1980 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 45:37 | |
Selskap | RCA | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Lodger (1979) |
Scary Monsters (and Super Creeps) | The Best of Bowie (1980)
|
Singlar frå Scary Monsters (and Super Creeps) |
||
|
Scary Monsters (and Super Creeps), eller berre Scary Monsters, er det 14. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 12. september 1980 på RCA Records. I løpet av dei førre tre åra hadde Bowie oppnådd massiv kunstnarisk suksess med «Berlintrilogien», som bestod av Low, “Heroes” og Lodger (1977–1979). Trilogien hadde derimot ikkje seld så godt. I 1980 var det mange artistar som var inspirerte av Bowie som no selde betre enn han, noko som gjorde at han ønskte å gå for ein meir kommersiell stil på den neste plata hans.
Albumet vart produsert i lag med Tony Visconti og vart spelt inn mellom februar og april 1980, hovudsakleg i Power Station i New York City, med ekstra lydspor i Good Earth Studios i London. Fleire av musikarane som hadde spelt på føregåande albuma hans var med på innspelingane, i tillegg til gitaristen Robert Fripp frå King Crimson, som tidlegare hadde spelt på “Heroes”, og gjesteartisten Pete Townshend frå The Who på gitar. Musikken består dels av kunstrock, new wave og post-punk. I motsetnad til det improvisasjonsbaserte preget på dei føregåande platene, brukte Bowie tid på å skrive musikk og tekst til songane, og fleire vart spelte inn under arbeidstitlar, medan somme songar inneheldt element frå tidlegare songar Bowie ikkje hadde gjeve ut før. Plateomslaget er ein stor collage med Bowie i eit Pierrot-kostyme, i lag med referansar til tidlegare utgjevingar på baksida.
Den første singelen frå albumet, «Ashes to Ashes», fortsette soga om karakteren Major Tom frå «Space Oddity» og vart marknadsført med ein påkosta musikkvideo. Då det kom ut fekk Scary Monsters god kritikk og selde godt. Det gjekk til topps på albumlista i Storbritannia, medan det vart eit comeback for Bowie i USA med ein 12. plass på Billboard-lista. Scary Monsters vart sidan ofte omtalt av skribentar som «det siste store albumet» til Bowie, og albumet som seinare utgjevingar vart samanlikna med. Det var det siste albumet Bowie gav ut på RCA og markerte det siste samarbeidet mellom Bowie og Visconti på over 20 år. Fleire publikasjonar reknar det som eit av dei beste albuma gjennom tidene. Albumet har kome ut att på ny fleire gonger og vart ommastra i 2017 i høve plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).