Schalfkogel


Schalfkogel
fjell
Schalfkogel, sett frå nord
Land  Austerrike
Fjellkjede Ötztaleralpane
Høgd 3 537 moh.
Primærfaktor 338 m
Førstestiging 1830
Koordinatar 46°48′6″N 10°57′32″E / 46.80167°N 10.95889°E / 46.80167; 10.95889
Kart
Schalfkogel
46°48′06″N 10°57′33″E / 46.801666666667°N 10.959166666667°E / 46.801666666667; 10.959166666667
Wikimedia Commons: Schalfkogel

Schalfkogel er ein 3 537 meter over havet høg fjelltopp i Ötztaleralpane, i det austerrikske forbundslandet Tirol. Fjellet reiser seg på Ramolkamm, ein rygg på hovudfjellkjeda i Alpane som her tek ein sving i nordleg retning. Schalfkogel er på alle kantar omkransa av isbrear. Hintere Schwärze, næraste høgre fjelltoppen, ligg 4,4 kilometer sørvest for Schalfkogel.

Fjelltoppen vart nådd fyrste gongen i året 1830 av den franske reisebokforfattaren Frédéric Mercey. Han hadde fylgje av berarar frå Pfelderer Tal og ein fjellførar frå Meran, namna på desse har gått tapt.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne