Schlesisk ślůnsko godka | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Slavisk Vestslavisk Schlesisk | |
Bruk | ||
Tala i | Polen og Tsjekkia | |
Schlesisktalande i alt | 509 000 i Polen[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | szl | |
Wikipedia på schlesisk |
Schlesisk (schlesisk ślůnsko godka) er eit vestslavisk språk som blir tala i Schlesien, i grenseområdet mellom Polen og Tsjekkia. Ifølgje den siste polske folketeljinga i 2011 var det i Polen 509 000 som rekna schlesisk som sitt morsmål.[2] Det blir for det meste tala i regionen Øvre Schlesien. Før 1945 blei det også tala i enklavar i Nedre Schlesien; det germanske språket lågschlesisk var det dominerande språket i denne regionen fram til då.