Scotia-ekspedisjonen

Ekspedisjonsskipet «Scotia» i isen ved Laurie Island i Sør-Orknøyane, 1903–04
Foto: William Speirs Bruce

Scotia-ekspedisjonen (Scottish National Antarctic Expedition, SNAE) 1902–04 var ein ekspedisjon til Antarktis, organisert og leia av den skotske naturforskeren William Speirs Bruce. Sjølv om ekspedisjonen vart overskygga av den prestisjefylte Discovery-ekspedisjonen under leiing av Robert F. Scott, gjennomførte Scotia-ekspedisjonen eit omfattande program med utforsking og vitskapleg arbeid. Den første meteorologiske stasjonen i Antarktis vart etablert, og det vart oppdaga nytt land austom Weddellhavet. Den store samlinga med biologiske og geologiske prøver førte saman med prøver frå dei tidlegare reisene til Bruce til etableringa av Scottish Oceanographical Laboratory i 1906.

Bruce hadde vore mesteparten av 1890-åra på ekspedisjonar til Antarktis og Arktis, og i 1899 var han den mest erfarne polarforskaren i Storbritannia. I mars same år søkte han å få delta på Discovery-ekspedisjonen. Forslaga hans om å utvide verkeområdet til ekspedisjonen til å dekke Weddellhavet med eit eige skip vart likevel avslått som «vondsinna rivalisering» av presidenten i Royal Geographical Society (RGS), Clements Markham. Som ein konsekvens vart Scotia-ekspedisjonen etablert som eit sjølvstendig, privat finansiert føretak.

Ekspedisjonen har vorte skildra som «den desidert mest kostnadseffektive og nøye planlagde vitskaplege ekspedisjonen i den heroiske tidsalderen for antarktisutforsking».[1] Bruce fekk likevel ingen formell heider eller heider frå det britiske parlamentet, og ekspedisjonsmedlemmane vart trass i iherdig lobbyverksemd ikkje tildelt den prestisjefylte Polarmedaljen. Bruce leia ikkje fleire ekspedisjonar til Antarktis etter Scotia-ekspedisjonen, men han gjennomførte ei rekkje undersøkingar i arktiske strøk. Fokuseringa hans på grundig vitskapleg utforsking var ikkje lenger i tida, og i motsetnad til føretaka til Scott, Shackleton og Amundsen, mista resultata hans snart interessa til ålmenta. Det permanente minnet om Scotia-ekspedisjonen er Orcadas vêrstasjon som vart sett opp i 1903 på Laurie Island i Sør-Orknøyane og som har vore i kontinuerleg drift sidan.

  1. Speak, s. 14–15

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne