Sekken | |
---|---|
![]() Sekken med Veøy i forgrunnen, Hangholmen i midten | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Romsdalsfjorden |
Koordinatar | 62°39′18″N 7°19′40″E / 62.65500°N 7.32778°E
|
Areal | 18,45 km²
|
Høgaste punkt | Tranhaugen (304 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke Kommune |
Møre og Romsdal Molde
|
Demografi | |
Folketal | 157 (2024) |
Folketettleik | 8,5 /km² |
Sekken er ei øy i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho er 18,45 km² stor, har om lag 150 innbyggjarar (2024), og ligg ca 40 minutts ferjetur frå Molde by.
Det høgste punktet på øya er Tranhaugen på 304 meter. Det går ein 20 kilometer lang grusveg rundt øya, som har barne- og ungdomsskule og barnehage, samt daglegvarebutikken Samsen, bygd på dugnad. Andreas Lunnans programserie Rundt neste sving på NRK hadde ein dokumentar frå Sekken i 2003.
Namnet «Sekken» har ikkje noko med ein sekk å gjere, men kjem frå norrønt /sæ-kinn/, som tyder noko slikt som ‘det bratte landet som stig opp frå sjøen’. Denne eigentlege tydinga visest òg i måten den opphavlege lokalbefolkninga uttalar namnet på øya, /sekkjinn/. Sekken er nemleg den brattaste og høgste øya i Romsdalsfjorden, mens dei andre, som Veøya og Bolsøya, er relativt flate.