Σελεύκεια Seleúkeia Selevkidriket | |||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Selevkidriket i 301 fvt. | |||||||||||||||||||
Hovudstad | Selevkia (305–240 fvt.) Antiokia (240–63 fvt.) | ||||||||||||||||||
Språk | Gresk(offisielt)[1] Persisk Arameisk[1] | ||||||||||||||||||
Religion | Olympianisme Babylonsk religion[2] Parsisme | ||||||||||||||||||
Styreform | Monarki | ||||||||||||||||||
Basileos | |||||||||||||||||||
- 305–281 fvt. | Selevkos I (første) | ||||||||||||||||||
- 65–63 fvt. | Filip II (siste) | ||||||||||||||||||
Historisk periode | Hellenistisk periode | ||||||||||||||||||
- Diadokekrigane | 312 fvt. | ||||||||||||||||||
- Slaget ved Ipsus | 301 fvt. | ||||||||||||||||||
- Den romersk-syriske krigen | 192–188 fvt. | ||||||||||||||||||
- Apamea-traktaten | 188 fvt. | ||||||||||||||||||
- Makkabearopprøret | 167–160 fvt. | ||||||||||||||||||
- Annektert av Roma | 63 fvt. | ||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||
I dag ein del av |
Selevkidriket (gresk: Σελεύκεια, Seleύkeia) var eit gresk-makedonsk hellenistisk rike som vart oppretta av Selevkos I Nikator i kjølvatnet av fragmenteringa av det veldige riket til Aleksander den store då han døydde.[3][4] Hærføraren Selevkos sin del vart Babylonia, og derfrå utvida han territoriet sitt til å omfatte det meste av dei austlege områda til Aleksander i Asia. På høgda av makta til riket omfatta det sentrale Anatolia, Levanten, Mesopotamia, Iran, Afghanistan, Turkmenistan, Pamirfjella og dagens Pakistan. Det var over 30 kongar i Selevkiddynastiet frå 323 f.Kr. til 60 f.Kr.
Selevkidriket var eit viktig senter for hellenistisk kultur som opprettheldt greske skikkar og der ein gresk-makedonsk politisk elite og overklasse dominerte i byområda.[5][6] Den greske folkesetnaden i byane vart danna av den herskande eliten som vart forsterka av innvandring frå Hellas.[5] Ekspansjonen til Selevkidriket inn i Anatolia og Hellas vart brått bremsa opp etter eit avgjerande nederlag for den romerske hæren. Forsøka deira på å slå den gamle fienden sin, Egypt under ptolemearane, vart forstyrra av romarane. Mange av dei austlege delane av riket vart erobra av Partia under Mitridates på 100-talet f.Kr., men selevkidane fortsette å styre ein gjenverande bit i Syria inntil dette området vart invadert av den armenske kongen Tigranes den store. Den endelege nedkjempinga deira av Romarriket var ved hærføraren Pompeius på 60-talet f.Kr.