62°3′3.9960″N 5°17′48.728″E / 62.051110000°N 5.29686889°E
Selje kloster er ruinane av eit benediktinarkloster på øya Selja i Selje kommune i Sogn og Fjordane fylke. Klosteret ligg rett sør om Stadlandet, på vestsida av øya, rett ut mot Sildegapet og Stadhavet. Øya Selja ligg 15 minutt med båt frå fastlandet. Øya er 1,56 km² og er dekt av lyng, myr og noko skog. Høgste punktet er Varden, 201 moh.