Senja kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Finnsnes | ||
Areal | 1 953,81 km² | ||
• land | 1 862,84 km² | ||
• vatn | 90,97 km² | ||
Folketal | 14 894 (1. januar 2024) | ||
Ordførar | Geir Inge Sivertsen (H) | ||
Kommunenr. | 5530 | ||
Senja kommune 69°04′50″N 16°48′11″E / 69.0806°N 16.8031°E | |||
Kart som viser Senja kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Senja kommune |
Senja kommune er ein kommune i Troms fylke. Kommunen vart til frå 1. januar 2020, ved samanslåing av kommunane Berg, Lenvik, Torsken og Tranøy,[1] og omfattar øya Senja, nokre mindre omliggande øyar og eit stykke av fastlandet mellom Gisundet og Malangen. Finnsnes på fastlandet er største tettstaden og administrasjonssenteret i den nye kommunen. Tettstader på øya Senja er Gryllefjord, Torsken, Senjahopen, Vangsvik, Silsand, Gibostad og Husøy.
Skipinga av Senja kommune begynte i 2016 med at dei Høgrestyrte kommunane Lenvik og Tranøy avgjorde å slå seg saman til ein kommune i 2020.[2] I Berg kommunestyre vart det fleirtal for å slutte seg til ei framtidig avgjerd av Stortinget, i samband med ei nasjonal kommunereform, medan Torsken ønskte å halde fram som eigen kommune.[3] I 2017 kom eit stortingsvedtak om å slå dei fire kommunane sammen til nye Senja kommune.[4]
Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 vart det for første gong valt representantar til kommunestyret i Senja kommune. Tom-Rune Eliseussen frå Senterpartiet fekk ordførarvervet.[5]