Shadows in the Night Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. februar 2015 | |
Innspelt | 2014 | |
Studio | Capitol Studios i Los Angeles i USA | |
Sjanger | Tradisjonell pop, vokal jazz | |
Lengd | 35:17 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Jack Frost | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
The 50th Anniversary Collection 1964 (2014) |
Shadows in the Night | The Bootleg Series Vol. 12: The Cutting Edge 1965–1966 (2015)
|
Singlar frå Shadows in the Night | ||
|
Shadows in the Night er det 36. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records den 3. februar 2015.[1] Albumet består av coverversjonar av tradisjonelle popstandardar gjort kjend av Frank Sinatra, og utvald av Dylan.[2] Dylan snakka om intensjonen bak albumet: «Eg ser ikkje på det slik at eg covrar desse songane på nokon måte. Dei har blitt covra nok gonger. Gravlagd, faktisk. Det meg og bandet mitt gjer er å grave dei opp att. Løfte dei ut av grava og ut i dagslyset att.»[3]
Albumet fekk god kritikk av kritikarane som hylla både songutvalet og framføringa og arrangementa til Dylan og bandet hans.[4] Albumet gjekk rett inn på førsteplassen på den britiske albumlista, og gjorde Dylan til den eldste mannlege soloartisten som har klart dette i Storbritannia.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet av
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rs2
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rs
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet mc