She Was Hot Singel av Rolling Stones frå albumet Undercover | ||
Utgjeve | 23. januar 1984 | |
Innspelt | November–desember 1982, juni-august 1981 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:40 | |
Selskap | Rolling Stones | |
Låtskrivar(ar) | Mick Jagger, Keith Richards | |
---|---|---|
Produsent | The Glimmer Twins | |
Rolling Stones-kronologi | ||
«Undercover of the Night» (1983) |
She Was Hot | «Harlem Shuffle» (1986)
|
«She Was Hot» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones på albumet Undercover frå 1983.
Innspelinga av «She Was Hot» starta først seint i 1982. Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards som ein tradisjonell rock 'n' roll-song. Det er sagt at Jagger anten klagar over ein tapt kjærleik eller groupiar bandet møter på turne, og nemner fleire amerikanske byar i teksten:
« | Detroit was smoky grey, Nothing like the good old days. Well I got a fever that I'm fighting. I don't need your company, Leave me in my misery. I can take the rebound just like lightning. |
» |
Både den originale Stones-pianisten Ian Stewart og erstatninga hans Chuck Leavell spelar på songen. B-sida til singelen var ei innspeling som ikkje vart nytta på Emotional Rescue, «I Think I'm Going Mad».
«She Was Hot» kom ut som singel 24. januar 1984 som den andre frå albumet. Han gjorde det ikkje særskild bra og nådde berre 44. plass i USA og 42. plass i Storbritannia. Det vart laga ein musikkvideo for songen med skodespelarinne Anita Morris som prøver seg på kvart enkelt bandmedlem.
Bandet har spelt songen ein del på dei siste turnane og ei utgåve er gjeven ut på konsertalbumet Shine a Light frå 2008.