Sheryl Crow | |||
| |||
Fødd | 11. februar 1962 (62 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kennett, Missouri, U.S. | ||
Fødenamn | Sheryl Suzanne Crow | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1987 til i dag | ||
Sjanger | Pop, rock, country | ||
Instrument | vokal, gitar, bass, klaverinstrument | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Plateselskap | A&M, Old Green Barn, Warner Bros. | ||
Verka som | Musikar, songar-låtskrivar, plateprodusent, skodespelarinne, aktivist | ||
Prisar | Grammy Award for beste nye artist, Rock and Roll Hall of Fame |
Sheryl Suzanne Crow (fødd 11. februar 1962) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og gitarist. Musikken hennar nyttar element av pop, rock, folk, country og blues. Ho har gjeve ut åtte studioalbum, to samlealbum, eit konsertalbum og medverka med musikk til fleire filmar. Ho har selt meir enn 17 million album i USA og over 50 millionar album verda over.[1] I tilelgg har Crow fått ni Grammy-prisar (og 32 nominasjonar) frå National Academy of Recording Arts and Sciences.
I tillegg til sin eigen musikk har Crow spelt med the Rolling Stones, Stevie Nicks, Michael Jackson, Steve Earle, Prince, Eric Clapton, Luciano Pavarotti, Willie Nelson, Smokey Robinson, B.B. King, George Strait, Tony Bennett, Kid Rock og Sting og fleire.[2] Ho har òg sunge korvokal for Tina Turner, Don Henley, Stevie Nicks, Belinda Carlisle og for Bob Dylan på hans 30-årsjubileumskonsert som artist.
Som skodespelarinne har Crow spelt i fleire fjernsynsseriar som 30 Rock, GCB, Cougar Town, Jon Stewart og Stephen Colbert's Rally to Restore Sanity and/or Fear, i tillegg til One Tree Hill.