Shine On You Crazy Diamond Song av Pink Floyd frå albumet Wish You Were Here | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. september 1975 | |
Innspelt | Januar - juli 1975 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 26:05 (alle delar) 13:38 (del 1-5) 12:29 (del 6-9) 10:55 (radioedit) 17:32 (Echoes-versjonen) | |
Selskap | Harvest, EMI (UK) Columbia, Capitol (US) | |
Komponist | Richard Wright, Roger Waters, David Gilmour | |
Tekstforfattar | Roger Waters, Richard Wright, David Gilmour | |
Låtskrivar(ar) | Wright, Waters, Gilmour | |
---|---|---|
Produsent | Pink Floyd |
«Shine on You Crazy Diamond» er eit musikkstykke i ni delar av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira Wish You Were Here frå 1975. Songen er laga av Roger Waters, David Gilmour og Richard Wright, med tekst av Waters, i 1974 og framført på konsertar det året.[1] Det var først meininga at songen skulle utgjere ei heil vinylside, slik som «Atom Heart Mother» og «Echoes», men songen voks seg lenger enn ei enkel vinylside og måtte delast i to delar. Sett i saman utgjer dei to delane den lengst songen Pink Floyd har spelt inn.
Stykket er ei hyllest til den tidlegare frontfiguren i bandet Syd Barrett. Tekstlinjer som «Remember when you were young?/You shone like the sun» viser kor mykje bandet verdsette Barrett si tid i bandet. Songtittelen er òg relatert til Barrett sitt kallenamn: Shine on You crazy Diamond. Ordet «Diamond» kan òg mogelegeins tyde LSD, som i The Beatles sin song «Lucy in the Sky with Diamonds», og kan vere ein referanse til Barrett sitt enorme forbruk av LSD.