Shogun (japansk 将軍 shōgun) er ein japansk embetstittel som mesteparten av tida frå 1192 til 1867 viste til den utøvande makta i Japan. I shoguntida var keisaren av Japan berre nominelt statsoverhovud.[1] Dette enda med Meijirestaurasjonen.
Ordet «shogun» tyder 'feltherre' eller 'general'. Den komplette tittelen seii taishōgun (征夷大将軍) tyder 'den store generalen som kuar barbarar', det vil seia innfødde ainuar som heldt til på Honshu og Hokkaido.