Showgirl: The Homecoming Tour Turne av Kylie Minogue | ||
Album | Ultimate Kylie | |
---|---|---|
Startdato | 11. november 2006 | |
Sluttdato | 23. januar 2007 | |
Etappar | 2 | |
Konsertar | 20 i Australia 13 i Europa | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
Showgirl: The Greatest Hits Tour (2005) |
Showgirl: The Homecoming Tour | KylieX2008 (2008) |
Showgirl: The Homecoming Tour er ein konsertturne av den australske songaren Kylie Minogue. Minogue hadde opphavleg planlagt å spele i Australia og Asia under Showgirl: The Greatest Hits Tour i 2005, men ho vart tvinga til å avbryte då ho vart diagnostisert med kreft.[1] Minogue gjenopptok turneen den 11. november 2006, med ein opptreden i Sydney med ein ny settliste og nye kostyme. Danserutinene frå Showgirl: The Homecoming Tour vart omarbeidd for å imøtekome den medisinske tilstanden hennar og lengre pausar vart òg introdusert mellom seksjonane så ho ikkje skulle slite seg ut.[2]