Sibelius-akademiet

Bygningen til Sibelius-akademiet i Helsinki.

Sibelius-akademiet, som no heiter Konstuniversitetets Sibelius-Akademisvensk og Taideyliopiston Sibelius-Akatemiafinsk etter å ha gått inn i Konstuniversitetet i 2013, er den delen av Konstuniversitetet i Finland som tek for seg utdanning og forsking innanfor musikkfeltet. Akademiet har namn etter den finske komponisten Jean Sibelius, og har sitt hovudsete i Helsinki, men driv òg undervisning i Kuopio og Seinäjoki. Sibelius-Akademin er eit av dei største musikkakademia i Europa, og har ikring 1 500 studentar og meir enn 1 000 lærarar og andre medarbeidarar.

Akademiet har si bakgrunn i Helsingfors musikinstitut, som vart skipa i 1882 på privat initiativ av musikkpedagogen og komponisten Martin Wegelius[1]. Namnet på instituttet vart endra i 1924 til Helsingfors konservatorium, og i 1939 vart namnet Sibelius-Akademin. I 1980 vart det gjennomført ei administrasjonsreform som gjorde Sibelius-Akademin til statleg høgskule, og i 1998 vart akademiet eit universitet, som i 2013 vart ein del av Konstuniversitetet.

Det er ti ulike utdanningsprogram ved Sibelius-Akademin. Ein kan utdanne seg til musikkandidat og musikkmagister, og ein kan avleggje musiklicentiatexamen og musikdoktorsexamen (doktorgrad). Til liks med mange andre konservatorium kringom i verda, har Sibelius-Akademin òg eit juniorakademi for gåverike musikarar i skulealderen.

  1. Helsingfors Universitet: Martin Wegelius

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne