Signe Toly Anderson | |||
| |||
Fødd | 15. september 1941 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Seattle | ||
Død | 28. januar 2016 (74 år) | ||
Dødsstad | Beaverton | ||
Fødenamn | Signe Toly | ||
Opphav | Seattle i USA | ||
Aktiv | 1965-1997 | ||
Sjanger | Folkrock, blues | ||
Instrument | Vokal | ||
Stemmetype | Kontraalt | ||
Tilknytte artistar | Jefferson Airplane, KBC, Jefferson Starship | ||
Verka som | Songar |
Signe Toly Anderson (15. september 1941–28. januar 2016) var ein amerikansk songar som var med på å starte det amerikanske rockebandet Jefferson Airplane.
Anderson var fødd i Seattle og voks opp i Portland i Oregon.[1] Ho flytta til San Francisco i 1965, der ho vart ein respektert jazz- og folk-songar. Anderson vart oppdaga av Marty Balin då ho song på klubben «Drinking Gourd club». Han tilbaud henne rolla som songar i det nystarta bandet Jefferson Airplane.[1]
I september 1965 gifta ho seg med lysteknikaren til bandet, Jerry Anderson, som også var med i Merry Pranksters. Dei fekk ei dotter i mai 1966. I august same året kunngjorde ho at ho hadde tenkt å slutte i bandet, noko ho gjorde i oktober same året. Ekteskapet blei oppløyst i 1974.
Anderson døydde heime i Beaverton i Oregon i januar 2016.[1] Ho døydde same dagen som ein annan grunnleggjar av Airplane, Paul Kantner.[2]