Sikhismen er ei religiøs lære som vart grunnlagt av guru Nának sist på 1400-talet. Læra har geografisk opphav i Panjab i grenseområda mellom India og Pakistan. Sikhismen er ein synkretistisk religion med røter i islam og hinduisme, men sikhane sjølv ser på det som ein heilt ny religion. Etter guru Nának vidareutvikla dei ni etterfølgjarane hans religionen til den forma han har i dag. Sjølve ordet «sikh» er panjabi og tyder ‘elev’.