Simplonpasset

Panorama over Simplonpasset

Simplonpasset er ein fjellovergang, 2 005 meter over havet, mellom Wallis-Alpane og Lepontin-Alpane i Sveits. Overgangen knyter saman Brig i kantonen Valais i nord, med Domodossola i regionen Piemonte i Italia i sør. Sjølve overgangen ligg i Sveits med sveitsiske landsbyar på begge sider av passet.

1 300 høgdemeter under Simplonpasset går den knapt 20 km lange jarnbanetunnelen Simplontunnelen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne