Sitrusfrukt

Sitron, appelsin og lime er døme på sitrusrukter.
Nokre tversnitta sitrusfrukter

Sitrusfrukt er nemninga på frukt frå plantar i sitrusslekta. Omgrepet omfattar mellom anna sitron, appelsin, klementin, grapefrukt og mandarin. Namnet på frukta har sitt opphav i latin, der det viste til planta kjend som sukatsitron (Citrus medica). Ordet er avleidd det gammalgreske ordet for sedar, κέδρος (kédros); noko som luktar godt.

Ein reknar med at sitrusfrukt opphavleg voks i eit landområde i Søraust-Asia, avgrensa til Nordaust-India, Myanmar og Yunnan-provinsen i dagens Kina. Ein reknar med at folk byrja dyrka fire ulike artar og seinare skapte ei rekkje nye typar gjennom hybridisering.[1] Dei fire artane var pomelo, mandarin, sukatsitron og Citrus halimii.[2] Sitrusfrukta har vorte kultivert til stendig fleire plantetypar.

Systematiseringa av sitrusfrukt og det nøyaktige talet på ulike artar eller underartar er uklart. Naturlege og kultiverte originalhybridar omfattar viktige handelsvarer som appelsinar, grapefrukt, sitronar, lime og nokre mandarinar. Nokre andre sitrusfrukter er bergamott, kumquat, limequat, perette, pomerans eller bitterappelsin, satsuma, sitronell, sweetie, tangerin og ugli.[3]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Klein
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Dugo
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SNL

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne