Sivert

Sjå òg måleininga sievert

Sivert er eit mannsnamn som oppstod som ei frisisk form av Siegward. Dette namnet har opphav i dei gammalhøgtyske orda sigu, 'siger', og wart, 'vakt'. Sigvard er den skandinaviske forma av dette namnet.

Sivert har namnedag i Noreg den 2. april og Sievert har namnedag i Sverige den 25. februar.

Andre stavemåtar av namnet er Sievert, Siewert, Siwert og Syvert. Moglege variantar er dansk Sivart, færøysk Sívar, norsk og svensk Siver, svensk Sifuert, Sivar og Sivard, og tysk Sibert, Siefert og Syfert.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne