Sivert Aarflot | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. oktober 1759 Ørsta kommune |
Død |
14. juli 1817 (57 år) |
Yrke | redaktør, forleggjar, trykker |
Sivert Aarflot på Commons |
Sivert Aarflot, fødd Sjur Knutsson Aarflot, (23. oktober 1759–14. juli 1817)[1] var ein lærar, gardbrukar, lensmann, boktrykkar og bladutgjevar i Volda på Sunnmøre. Aarflot var kjend med opplysingsideane frå ungdomen av. Inspirert av desse sette han i verk fleire tiltak for å fremje folkeopplysinga. Han stifta i 1797 ei folkeboksamling i heimbygda Ørsta. Etter han vart lensmann fekk han frå 1803 i gang skule for framtøk, vaksen ungdom i prestegjeldet. Med løyve frå kongen starta han eige trykkeri i 1809, og gav ut avisa Norsk Landboeblad - den første avisa på landsbygda i Noreg. Både før og etter han dreiv prenteverk utøvde han ein mangesidig forfattarskap, publisert som småskrifter tilgjengeleg for eit større publikum.
Aarflot gifta seg i 1789 med 33 år gamle Gunnhild Rasmussdotter Eikrem frå Volda. Dei vart i perioden 1792-1800 foreldre til fem born, dei to eldste var Rasmus S. Aarflot og Berte Kanutte Aarflot.