Sixteen Tons av Merle Travis frå albumet Folk Songs of the Hills | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | juli 1947 | |
Innspelt | 8. august 1946 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 2:50 | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Merle Travis | |
Tekstforfattar | Merle Travis | |
Låtskrivar(ar) | Merle Travis | |
---|---|---|
Produsent | Lee Gillette |
«Sixteen Tons» er ein song om ein kolgruvearbeidar, basert på livet i kolgruvene i Muhlenberg County i Kentucky.[1] Han vart skriven og først spelt inn av Merle Travis i Radio Recorders Studio B i Hollywood i California den 8. august 1946. Cliffie Stone spelte bass på innspelinga.[2] Det var den første utgjevinga til Capitol på albumet Folk Songs of the Hills (juli 1947).[3] Singelen selde til gullplate.
Linja «You load sixteen tons and what do you get? Another day older and deeper in debt,» kom frå eit brev skriven av broren til Travis, John.[1] Ei anna linje kom frå faren deira, som var gruvearbeidar, som sa «I can't afford to die. I owe my soul to the company store.»[4]
Ein versjon frå 1955 vart spelt inn av Tennessee Ernie Ford og gjekk til topps på Billboard-lista,[5] medan ein annan versjon av Frankie Laine berre vart gjeven ut i Vest-Europa, der han gav konkurranse til versjonen til Ford.
25. mars 2015 vart det annonsert at Ford-versjonen skulle innlemmast i Library of Congress's National Recording Registry.[6]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet pc9