Sju slag kaker

Sju slag småkaker i ein boks.

Sju slag kaker eller dei sju slaga viser til tradisjonar om å ha sju ulike typar småkake til eit visst høve.

I nyare norsk samanheng viser det til julebakst. Tidlegare tradisjonar kunne ha sju ulike slag bakst til bryllaup.[1] I svensk tradisjon har sju slag kaker vore det «rette» talet på kaker til kaffiselskap.[2]

Kakene kan vera av ulike deigtypar, men det finst fleire oppskrifter på sju kakeslag laga av ein grunndeig.[3][4]

  1. forskning.no, Marianne Nordahl journalist i (23. desember 2010), «Julekakenes historie», forskning.no (på norsk), henta 2. desember 2019 
  2. «Kokaihop.se», www.kokaihop.se, henta 2. desember 2019 
  3. «Grundrecept sju sorters kakor», DN.SE (på svensk), 10. april 2011, henta 22. november 2021 
  4. Olaussen, Marie (17. desember 2016), «Nå kan du bake sju slag av én deig (og nei, det smaker ikke likt av alle sammen ...)», Tønsbergs Blad (på norsk), henta 22. november 2021 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne