Verdsmeisterskapen på skeiser 1966 for kvinner fann stad på Øya stadion i Trondheim 12. og 13. februar 1966. 35 utøvarar frå 15 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av distanseøvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.
Valentina Stenina frå Sovjetunionen vart verdsmeister for tredje gong. Steninas landskvinner Irina Jegorova og Tatjana Rastopsjina stod for bestetidene på høvesvis 500 m og 1000 m, medan Kim Song-sun frå Nord-Korea gjekk den kvikkaste 1500-meteren og nederlandske Stien Kaiser brukte minst tid på å kome seg i mål på 3 000 meter.