Verdsmeisterskapen på skeiser 1972 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 19. og 20. februar 1972. 33 utøvarar frå 13 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.
Ard Schenk frå Nederland vart verdsmeister for tredje gong i rad. Han vann alle fire distansane, på 500-meteren delte han sigeren med Roar Grønvold frå Noreg som vart andremann i meisterskapen. Nederlendaren Jan Bols kom på tredjeplassen.