Skeise-VM 1993 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1993 for kvinner vart avvikla i Berlin i Tyskland helga 6. og 7. februar 1993. 31 utøvarar frå 16 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Gunda Kleemann frå Tyskland vart verdsmeister etter å ha fått bestetid på dei tre lengste distansane, medan kinesiske Ye Qiaobo gjekk den snøggaste 500-meteren.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne