Skeise-VM 2010 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 2010 i firkamp vart avvikla i Heerenveen i Nederland dagane frå 19. til 21. mars. 24 kvinner og like mange menn frå 15 ulike land deltok i meisterskapen.

Nederlendaren Sven Kramer vart verdsmeister for fjerde gong i rad, tsjekkiske Martina Sáblíková for andre gong i rad. Begge desse løparane sigra også på dei to lengste distansane. Polske Konrad Niedźwiedzki gjekk fortast av alle på 500 meter, det same gjorde Jonathan Kuck frå USA på 1500 meter. I kvinne-klassa vann Jekatherina Sjikhova frå Russland 500-meteren, medan Kristina Groves frå Canada som året før fekk bestid på 1500-meter.

Dei norske deltakarane vart nummer 3 Håvard Bøkko, 8 Sverre Haugli, 10 Maren Haugli, 13 Hege Bøkko og 20 Mari Hemmer.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne