Ski-VM 2009

Sentrum i arrangørbyen Liberec.

Verdsmeisterskapen i nordiske greiner 2009 blei arrangert i Liberec i Tsjekkia i perioden 18. februar til 1. mars 2009. Meisterskapen var det 48. ski-VM som blei halde, og den andre gongen det blei halde i det området som i dag er Tsjekkia. For første gong var skihopp for kvinner ein del av VM-programmet. Greinene det blei konkurrert i er langrenn, kombinert og skihopp.

Den føregåande verdsmeisterskapen blei arrangert i Sapporo i Japan i 2007. Det neste går av stabelen i Oslo vinteren 2011.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne